Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Jubileumsmiddag!

Jubileumsmiddag!

Norges Bygdekvinnelag 100 år


Leiaren i Valldal Bygdekvinnelag,  Mette Marie Døving, hadde eit innlegg i Storfjordnytt i høve Norges Bygdekvinnelag sitt 100-årsjubileum 

                                            100 Års markering

Norges Bygdekvinnelag

I februar 1917 såg det fyrste Bondekvinnelaget dagens lys, og av alle plassar var det i Spjelkavika. I dag ser vi kanskje ikkje det som den naturlige plassen for dette, men den gang var Spjelkavika bondeland.

Fylkesårsmøte i Bygdekvinnelaget er som oftast på Molde for å vere midt i fylket, men i år vart det lagt til Ålesund, 11.-12. mars, for å markere dette jubileet. Frå VBK var det tre utsendingar, Nelly Marie Ytterlid, Solveig Linge Stakkestad og Bjørg Sætren Kleppe. Det var ei fin markering med festmiddag, talar, helsingar, sang og musikk. Undehaldning med Maria Holand Tøsse. Leder for NBK, Ellen Krageberg og styremedlem Grethe Brundtland var til stades.

Litt historie:

Det første frø

Små tankefrø i lufta for

og røtte seg i hjartejord

Først her ved havsens strender

dernest i Austfolds fagre grender

Og liv fekk så ein vinterdag

det første bondekvinnelag

Spjelkavik ved Borgundfjord

til første frø gav voksterjord

I ei jubileumsbok for NBK stend det slik: ”Året er 1917. Det er vinter, og kulingen kvesser klørne kring husnovene i ei jordbruksbygd på Sunnmøre. Ei lita kvinne trassar vinterkulden og går med lette steg frå gard til gard gjennom grenda. Ho er ute i viktigt ærend, og ho brenn for si sak. Før ho stig ut att i vinteren mot neste hus, har ho kveikt lyset i ansiktet hos nok ei medsøster.

Kvinnas navn er Karen Aase Nilsen, og slik bles ho liv i Norges aller første bondekvinnelag. 17.februar møttes dei i Nergarden i Spjelkavika.Olga Bjoner, som var aktiv i Norsk Landmandsforbund (frå 1922 Norges Bondelag), kom den lange vegen frå Oslo. Ho tala varmt til dei 11 kvinnene frå Spjelkavik og Åse som benka seg i stova hos Kristiane Langeland. Laget blei stifta og fekk namnet Spjelkavik Bondekvinnelag. Karen blei formann, Kristiane kasserar, og Mary Stokke sekretær. Medlemskontigenten blei fastsatt til 25 øre året. I lagsprotokollen står føljande knappe melding: Spjelkavik Bondekvinnelag vart skipa i 1917 av fru Olga Bjoner, og er det fyrste bondekvinnelaget i landet.

Frå starten var hovudoppgåva til laget klar: dei skulle støtte Norsk Landmandsforbund og få bøndenes og bygdas mann, Rasmus Langeland, inn på Tinget. Det var landmandslag i bygda, men det var lite fart i arbeidet. På eit møte dei hadde hos Langeland I Nergarden, var frammøtet nedslåande lågt, og Klaus Sletten, redaktør i ”Møre-Tidende”og ein av forgrunnsfigurane i Norsk Landmandsforbund, konkluderte med at det blei ikkje greie på bondereisinga før dei fekk kvinnene med.

Laget vart også ei underavdelig av Møre Skogselskap, får 20000 skogplanter til gratis utdeling, mange av trea stend fortsatt. Dei planta nymotens påfunn som kål, blomkål og tomatar og selde på torget  til inntekt for laget. Og dei nådde målet sitt, Rasmus Langeland kom inn på tinget.

Det skulle gå enno mange år før Norges Bondekvinnelag vart stifta. Det skjedde først i 1946.  Så dei var tidleg ute dei modige damene i Spjelkavika. Bygdene og tida forandra seg, det vart etter kvart diskusjon om navnet. I 2002 skifta laget navn til Norges Bygdekvinnelag.

Valldal Bygdekvinnelag

Om lag midt i mellom dette vart Valldal Bondekvinnelag skipa, det skjedde 10.mars 1932. Laget vårt har akkurat runda 85 år. Det var Marta Linge som tok initiativ til å starte opp. Mykje har endra seg i bygdene, og ikkje minst situasjon for kvinnene på desse 85 åra. Berre det å kome seg på eit møte den tida var ikkje alltid enkelt. Laget har heilt frå starten av vore svært aktivt, og engasjert seg i saker i bygda. Alt fyrste året vart det halde seks møter, ein fest og eit sommarstemne. Det vart halde kurs i matstell, saum, veving, biletvev, tinnsløyd og snikkarkurs. I årsmeldinga for 1933 kan ein lese om kurs i husstell, frukt og grønnsakkurs. Laget hadde ei lagsavis, Heimhug, her er det mykje god lesnad og mykje kulturhistorie. Spesielt Ester Hoel skreiv mykje godt i avisa.

Mange saker har vore teke opp gjennom åra. I 1935 sendte laget ei oppmoding til Norddal skulestyre om å få handarbeid i skulane. I 1969 tok laget opp spørsmålet om kreftgransking av kvinner. Så var det studieringar med div emner, som nye skuleordningar, heildagsskule, i 1972 var det EF saka. Så var det odelslov og pensjonssaka. Dette for å nevne litt. Det var også mange møter med ulike foredrag, også opne møter.

Seinare var det aksjon for å kjøpe norsk og lokale varer. Laget har teke vare på tradisjonar både innan tekstil og matkultur. Og ikkje minst alltid vore med å skipa til mykje kulturaktivitetar i bygda.

Bondekvinnelaget skipa til dei første Olsokfestane i Valldal.

Laget har støtta kyrkja og samfunnhuset med både penger og dugnad. Alle tekstilar i kyrkja er gåver frå laget, også det flotte billedvevteppe av Emma Hoel.

Det største løftet til laget dei siste åra må vi vel seie var arbeidet med sæterboka. Dette tok 4-5 år, mykje arbeidstimar for nemnda, men vi hadde også utruleg mange gode hjelparar rundt om i bygdene.

Boka kom ut i juni same året som laget runda 80 år, kunne vel ikkje markerast på ein betre måte. Det var også ein fin jubileumsfest på Kaldhussætra på hausten.

No har laget passert 85 år, men vi har ikkje pensjonert oss. VBK er i full aktivitet, det er medlemsmøter, fredagskafe og ”syng med oss” på VTS for å nevne litt. Og vi håper på mange saker å engasjere oss i og mange gode arbeidsår. Vi har omlag 30 medlemmar, frå Valldal, Fjørå og Tafjord. Valldal Bygdekvinnelag er ein god møteplass, vi skal både engasjere og skape trivsel. Om DU vil sjå på  litt av det vi held på med, så har laget ei fin nettside.

 

Valldal Bygdekvinnelag

Mette Marie Døving, leiar