Sommaravslutning på Klostertomta.
Sommaravslutning på Klostertomta.
Kors på Klostertomta.
Kors på Klostertomta.
Eit alter som var laga på Syltefjellet.
Eit alter som var laga på Syltefjellet.
Vi såg rett ned til Sylte.
Vi såg rett ned til Sylte.
Nissen på besøk hos Full Fres-gruppa!
Nissen på besøk hos Full Fres-gruppa!
Disco med Full Fres-gruppa!
Disco med Full Fres-gruppa!
Full aktivitet på skuleplassen!
Full aktivitet på skuleplassen!
Mat og prat saman med flyktningkonsulent og to nye landsmenn.
Mat og prat saman med flyktningkonsulent og to nye landsmenn
Dugnad - Staudebedet i pallekasser.
Dugnad - Staudebedet i pallekasser.
Planting i nye, fine krukker.
Planting i nye, fine krukker.
Åresal og gevinstar må vi ha !
Åresal og gevinstar må vi ha !
14 spreke damer på tur til Skjegghammaren. Tøff tur , bratt og mykje mygg !
14 spreke damer på tur til Skjegghammaren. Tøff tur , bratt og mykje mygg !
Bygda i bevegelse ! Her må alle krefter i sving !
Bygda i bevegelse ! Her må alle krefter i sving !
Folkehelseveka 2015 - Inspirasjonskveld med Jorun Erdal - strikking og klede.
Folkehelseveka 2015 - Inspirasjonskveld med Jorun Erdal - strikking og klede.
Populær aktivitet sjølv om veret ikkje var det beste.
Populær aktivitet sjølv om veret ikkje var det beste.
Astrid og Marianne - primus motor for Syng med oss !
Astrid og Marianne - primus motor for Syng med oss !

Nye nettsider !

Dei gamle nettsidene våre forsvann for over eitt år sidan. Men det har vore mykje aktivitet i laget i 2015 og 2016. Har samla eit lite knippe bilde som viser litt av aktiviteten.

 

Første bilda var frå sommaravslutninga på Ytterli hos Else Rødal. Vi var i gamlehuset på garden og det var litt av ei perle. Mange gamle ting og bilde. Rømmegraut og spekemat smaka også godt.

Elles gjekk vi tur utpå Syltefjellet og ned til klostertomta der. Det var lengre å gå enn vi trudde, men god sti med trappetrinn og tau til å halde seg i. Else var flink til å fortelje det ho visste om klostertomta og planane der. Ein triveleg kveld i fint sommarver.

Full Fres-gruppa har aktivitetar for barn frå 0-7 år og har hatt mange fine stunder saman med foreldra.

Bygda i bevegelse . Her har ein hatt turar i alle årstider.

Nytt prosjekt har vore å få til ein Sansehage på Valldal sjuke- og omsorgsbustad. Vi tok initiativ til dette  og fekk med dei tilsette og fleire lag i planlegging og dugnadsarbeid. Dette første året har vi satsa på å utbetre hagen som er der, plante i krukker og lage nytt staudebed. Elles har vi planta bærbusker, krydderurter, tomatplante og jordbær i pyramide. Vi har også fått til vatning og stell av hagen i løpet av sommaren.

Folkehelseveka har også laget vore med på. Flott inspirasjonskveld med Jorun Erdal frå Stryn. Ho hadde mange strikketips og også sal av klede i alle storleikar.

Nytt frå siste året.
Filer: 
Bli medlem