Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Bjørg, leiaren for Valldal Bygdekvinnelag, ynskte velkomen med gode ord.

Bjørg, leiaren for Valldal Bygdekvinnelag, ynskte velkomen med gode ord.

Gode forsangarar til julesongane, Bjørg og Vigdis

Bjørg og Vigdis var forsangarar til julesongane.

Ingunn Linge Valdal og Valldal Spelmannslag.

Ingunn Linge Valdal og Valldal Spelmannslag.

God stemning med fine slåttar.

God stemning med fine slåttar.

Gode kaker og god prat er viktig.

Gode kaker og god prat er viktig.

Åresal med fine gevinstar.

Åresal med fine gevinstar.

God stemning rundt borda.

God stemning rundt borda.

Kjekt at så mange ville vere med.

Kjekt at så mange ville vere med.

Nyttårslag

Søndag 11. januar kl 16 var det klart for nyttårslag på Valldal sjukeheim. Dette har blitt tradisjon i Bygdekvinnelaget, og Valldal spelmannslag stiller også trufast opp.

Leiaren vår, Bjørg, ynskte velkomen til ein fullsett sal. Eg trur vi plukka fram alle stolar vi fann på begge bygga! Veldig kjekt at folk møter opp, både bebuarar, pårørande og andre frå bygda vår.

Det vart nokre allsongar akkompagnert av Dagrun Vikesland, ein lang kaffipause der praten sat laust, og Valldal Spelmannslag spela både før maten og til avslutning.

Dessutan vart det åresal med mange fine gevinstar.

Ein triveleg kveld for alle!

Takk til kafegruppa som arrangerte det heile!