Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Mykje folk og aktivitet på Sylte torg.

Mykje folk og aktivitet på Sylte torg.

Sola skein, så folk kosa seg frå kl 11 til 17.

Sola skein, så folk kosa seg frå kl 11 til 17.

Anne i sving med vaffelpressa.

Anne i sving med vaffelpressa.

Folk forsynte seg dugeleg med nyrørt jordbærsyltetøy!

Folk forsynte seg dugeleg med nyrørt jordbærsyltetøy!

Rømmegrauten gjekk unna!

Rømmegrauten gjekk unna!

Turid og Randi klar for pølsesalg!

Turid og Randi klar for pølsesalg!

Rørt syltetøy av 12 kg jordbær!

Rørt syltetøy av 12 kg jordbær!

Kaffi, saft og vaffelstasjon.

Kaffi, saft og vaffelstasjon.

Olsok i Valldal 2023

Laurdag 29. juli var det klart for Olsok i Valldal. Vergudane var i godlune, så det var varmt og godt både for dei som jobba og dei som kosa seg.

Arrangementet er eit samarbeid mellom idrettslaget, Lions, Valldal helselag, Valldal Bygdekvinnelag og Hornmusikken. - I fjor var første året gjort på denne måten, så i år gjekk alt endå meir smertefritt føre seg. Planlegginga har gått føre seg i lang tid,- arbeidsoppgåvene fordelte. 

Fredag starta rigginga på torget med telt, benkar, bord og stolar, scene og musikkanlegg. Det vart laga store spanner med vaffelrøre, jordbærsyltetøy vart rørt, og utsyr vart pakka til dei ulike stasjonane. Jordbærdilten skulle også ha sin plass. 

Vbk og Helselaget hadde ansvar for tillaging og sal av vaflar, pølser, rømmegraut, kaffi og saft. Og opprydding av dette.

Det kom veldig mykje folk som kosa seg i det fine veret. 

Eg vil rose arbeidsgruppa for kjempeflott opplegg der alt var godt tilrettelagt. Og alle dei frivillige gjorde også ein kjempeinnsats.