Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Arbeidsgjengen kviler ut etter dag 2 !- Johan Myklebust, Einar Waldal, Knut Frostad, Magne Krogh.

Arbeidsgjengen kviler ut etter dag 2 !

Kommunen støypte eit fundament, og her er golvet kome på plass.

Kommunen støypte eit fundament, og her er golvet kome på plass

Reisverket snart klart.

Reisverket snart klart.

Taket var det vanskelegaste, men Einar klatra og dei andre puffa!

Taket var det vanskelegaste, men Einar klatra og dei andre puffa!

Olav Ødegård og dottera Marit kom og inspiserte.

Olav Ødegård og dottera Marit kom og inspiserte.

Ferdig med dag 1! - Oddbjørn Kleppe var byggeleiar, Magne og Einar var trottige arbeidarar. Knut Frostad var også med .

Ferdig med dag 1! - Oddbjørn Kleppe var byggeleiar, Magne og Einar var trottige arbeidarar. Knut Frostad var også med .

Olav måtte prøve rampen, og det gjekk fint å kome seg inn.

Olav måtte prøve rampen, og det gjekk fint å kome seg inn.

Litt blomster måtte vere med, vi flytta litt frå hagen.

Litt blomster måtte vere med, vi flytta litt frå hagen.

Paviljongen på plass i Sansehagen !


Onsdag 11. juli 2018 var endeleg paviljongen på plass i Sansehagen vår !!

I fjor søkte Valldal og Fjørå helselag Landforeningen for folkehelse og Sparebanken Møre om midler for å bygge ein paviljong i Sansehagen. Vi var heldige og fekk 55000 kr. ! Vi kjøpte byggesettet i fjor haust, men det vart for seint å sette i gang då,og Valldal Høvleri har vore velvillige og lagra dette på Grandane. Kommunen ville hjelpe til med fundament til bygget, og i byrjinga av juli vart dette klart. - Oddbjørn Kleppe var lett å be då han vart spurd om å vere byggeleiar, og han fekk med seg 3-4 frivillige . Dette var Einar Waldal, Knut Frostad, Magne Krogh og Johan Myklebust. - Vaktmeister Leif Ytterli kom også med gode råd når vi hadde behov for hjelp.

Vi håper dette kan bli ein plass å  gå til, setje seg ned åleine eller saman med slekt og venner som er på besøk.

Seinare på sommaren eller hausten blir det målararbeid, og vi har planar om ein opningsfest !!