Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Historia mi var det Astrid som hadde.

Historia mi var det Astrid som hadde.

Ei lydhøyr forsamling.

Ei lydhøyr forsamling.

Septembertreff

Torsdag 14. september var 14 damer samla til medlemstreff på biblioteket. Vertinner denne gong var Astrid, May, Nelly og Kristi. 

Denne gongen var det Astrid som hadde Historia mi, og det var kjekt å høyre om barndom, ungdom og tida før ho kom til Valldal. No har ho flytta til Moa, men vil gjerne vere med i laget og på aktiviteten vår.

Solveig og Nelly informerte om Blåtur som vert den 19.10.23, om Inspirasjonshelg i Stavanger 10.-12. november, og om Landsmøtet som vert i Ålesund 7.-8. juni 2024.

Mat og kaffi vart det også, sjokoladekake og "speilegg". Og sjølvsagt åresalg til slutt. Mange fine og gode gevinstar,- med lyng, epleposer og poser med pærer og med tomater. Nokre vann fleire gonger, medan andre gjekk heim uten gevinst.

Kjekt å treffast igjen, sjølv om mange har møttest på stor dugnadsaktivitet i laget i sommar. 

Takk til vertinnegruppa, Astrid og styret, det såg ut som alle kosa seg og hadde ein triveleg kveld..

Foto og tekst: Nelly Ytterli