Sommaravslutning
Tysdag 17. juni var det klart for sommaravslutning. Turen skulle gå til Tafjord, og vi samlast på kaia og fordelte oss i bilane. Oppslutninga var god, 23 damer var klare!
Første stopp vart Tafjordnaustet der vi kunne velje nakkekoteletter eller thaimat. Dei fleste valde det siste, og alt smakte veldig godt.
Det vart også litt bursdagsfeiring, det er nemleg mange 75-åringar i laget. Judith takka for gåvekortet ho hadde fått, og Bjørg overrakte gåvekort til Nelly og Vigdis som feirer seinare i år. Litt bursdagssong vart det også!
Turid Aspehjell skulle fortelje om Tafjord og Fundergata. Ho fekk Fjord kommune sin kulturpris i 2021 for arbeidet med å ta vare på kulturarven i Tafjord. Ho hadde mykje å fortelje, og heldigvis vart det opphaldsver slik at vi kunne gå gjennom Fundergata og opp til Ungdomshuset. På vegen stoppa vi i gamleskulen der det var bilde og mykje interessant å sjå. Nokre var også innom buda til Nedstedal, og Turid fortalde mykje om han.
Vi fekk ha kaffikosen i ei grillhytte ved Ungdomshuset, Nelly hadde laga nydeleg Kvæfjordkake, Twist og Smash var der også, og alt smakte fortreffeleg!
Sjølv om veret ikkje var sommarleg, så vart det ein kjekk tur med gjengen.
Tusen takk til turgruppa, Gerd, Kristi og Signe, for god gjennomføring! Og til Turid som fortalde mykje interessant ! Og til Nelly for god kake!