Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Velkommen til bords !

Velkommen til bords !

I resepsjonen.

I resepsjonen.

Frå eit av romma.

Frå eit av romma.

Fornøgde bygdekvinner.

Fornøgde bygdekvinner.

Nestleiaren vår Bjørg Kleppe.

Nestleiaren vår Bjørg Kleppe.

Middagen smakte godt !

Middagen smakte godt !

Frå steinfrisa.

Frå steinfrisa.

Søndagsmiddag.


Søndag 26. mars var det duka for søndagsmiddag på Valldal Fjordhotell. Vi fekk invitere med gjestar, og vi vart derfor 26 som møttest og hadde ei triveleg stund i lag.


 

Vi vart møtt av hotellsjef Yngve Strand som informerte og hadde omvisning på hotellet.

Nestleiaren vår, Bjørg Kleppe, ynskte velkommen og las dikt av Haldis Moren Vesås.

Deretter vart det servert god middag og dessert. Den lokale kokken Monica Rødven fortalde om menyen.

Gjestane syntest hotellet såg lyst og triveleg ut, og var imponerte over mange store, flotte foto rundt om på veggane. Vegard Lødøen var meister for mange av dei, dessutan hadde alle rom store, gamle fotografi frå Valldal.

I resepsjonen er det flott utstilling av stein og mineral, og der er også ei flott fotofrise med ulike steinslag.

- Alle såg ut til å vere einige om at dette var ei triveleg stund i lag.