Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Her er vi klar for avslapping i det flotte gamle gartnerirommet!

Her er vi klar for avslapping i det flotte gamle gartnerirommet!

Har akkurat tatt imot  Helle Berger ,- nr 2 frå venstre, og dei andre damene!

Har akkurat tatt imot Helle Berger ,- nr 2 frå venstre, og dei andre damene!

Merete  Myklebust, til venstre. fortel om prosjektet sitt.

Merete Myklebust, til venstre. fortel om prosjektet sitt.

Drivhus som hageanlegg med dam med fiskar i.

Drivhus som hageanlegg med dam med fiskar i.

Dei fleste har balansert over brua !

Dei fleste har balansert over brua !

Kristin i den vedfyrte saunaen.

Kristin i den vedfyrte saunaen.

Ute på teltplassen!

Ute på teltplassen!

Delige senger og tepper inne i telta.

Delige senger og tepper inne i telta.

Grillgjengen i aksjon,- Nelly, Eva og Mette Marie.

Grillgjengen i aksjon,- Nelly, Eva og Mette Marie.

Svoltne damer forsyner seg!

Svoltne damer forsyner seg!

Her kosar vi oss med god mat og varme klede.

Her kosar vi oss med god mat og varme klede.

Helle Berger hadde eit prosjekt med bokstavdikt for kvart lag. Moro!

Helle Berger hadde eit prosjekt med bokstavdikt for kvart lag. Moro

Supert vårtreff !


Torsdag 24. mai arrangerte Vbk vårtreff !  Vi møttest først i Meretes Garden kl 17 og reiste vidare til Fjørå og grilling kl 19. Vi fekk også besøk av Helle Berger frå Norges Bygdekvinnelag,- ho var spesialhenta av Solveig Stakkestad på Vigra flyplass, og kom akkurat til vi starta.

Meretes Garden er ei ganske nystarta kvinnebedrift. Merete Myklebust flytta tilbake til heimegarden med gamle gartneri. Ho har brukt dei gamle bygningane til hageanlegg, yoga- og meditasjonsrom.og kjøpt inn fleire store telt som blir brukt til overnatting. Noko er gamalt, noko er nytt, og ho har også eit nybygg med vedfyrt sauna, garderober, dusj og bad, - og eit lite utkikstårn !

Merete satsar på yogakurs i løpet av året, men har også helgatilbod med både sauna, yoga, meditasjon og avslapping. Trur det er behov for slikt i vår stressa kvardag. Mest kvinner som har nytta seg av dette hittil, men mennene kjem etter kvart !

Vi fekk omvising og fekk høyre korleis ho hadde tenkt og planlagt dette. Til slutt fekk vi legge oss på gode matter og hadde 20 minutt med avslappingsøvingar. Det var varmt og godt der inn, men litt forfriskande vind og elvesus gjennom opne dører. Vi slappa godt av og eg trur det var nokre som sovna ???

Vi kan anbefale kurs eller opphald i Meretes Garden på det sterkaste ! Ei oppleving !!

Vi avslutta ute på gardsplassen med valfri kald eller varm drikke, - og så gjekk turen vidare til Fjørå og grillplassen nede ved fjorden. Der var nelly, Eva og Mette Marie i full gang med grilling. Dei hadde også pynta eit flott langbord.

Det dukka opp fleire folk etter kvart, så vi var vel ca 24 når vi sette oss til bordet. Nelly var leiar for aktivitetsgruppa, ho ønskte velkomen med eit vårdikt sjølv om det var reine sommarveret. men sola gjekk ned der inne, så vi måtte finne meir kle etter kvart.

Maten smakte fortreffeleg, - gode kotelettar og karbonadar, salat og potetsalat, og til slutt nydel Mor Mosenkake og Pavlova ! Tusen takk til dei som stod på og laga til.

Helle Berger frå Norges bygdekvinnelag hadde også eit innlegg der ho fortalde om kva laget skal satse på vidare. Ho var svært engasjert og var god å høyre på.- Og til slutt var det  sjølvsagt åresal !! Mange fine blomar å vinne !

Dagen etterpå skulle Solveig ta henne med på omvising i bygda, mellom anna på Ullåven, Gudbrandsjuvet og lunch på Valldal Fjordhotell for dei som vill bli med.

Takk til Aktivitetsgruppa for svært vellukka arrangement !!