Syng med oss
23. juni var det siste Syng med oss før ferien. Det var plukka ut mange fine sommarsongar som var lette å synge. Carolin spela fint i pausen vår, og Linda hadde med ein bukett silkepeoner som takk for at ho stiller opp og spelar til oss.
Tusen takk til Linda, Vigdis og Carolin som står i bresjen for dette, men også stor takk til dei som kom for å synge eller berre høyre på.
Vel møtt til hausten.