Syng med oss
Tysdag, 17. november var vi samla til ny songstund på Valldal sjukeheim. Denne gongen hadde Linda kopiert opp eit par songar som ikkje sto i boka vår.
Den eine var " Det er lauvfallstid" . Og den gamle slageren frå Ønskekonserten var det mange som hugsa.
Det er framleis god plass på stova vår, så håper mange vil kome til 8. desember. Då blir det julesongar.