Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Avreise frå Fjørå.

Avreise frå Fjørå.

Naustet i Kvernhusneset i bakgrunnen.

Naustet i Kvernhusneset i bakgrunnen.

Osvika i sikte!

Osvika i sikte!

Ut på tur, aldri sur !

Ut på tur, aldri sur !

Mykje fint å sjå .

Mykje fint å sjå .

Osvika nærmar seg.

Osvika nærmar seg.

Matpause under tak.

Matpause under tak.

Cedertrealle planta av frø frå Amerika for ca 100 år sidan

Cedertrealle planta av frø frå Amerika for ca 100 år sidan

På Litlehjellen, utsikt mot Valldal.

På Litlehjellen, utsikt mot Valldal.

Jettegryte.

Jettegryte

På heimveg.

På heimveg.

Meir regn, men flott tur.

Meir regn, men flott tur.

Tur over fjorden.


Tysdag 12. september arrangerte VBK tur over Norddalsfjorden.

Oppmøte på Fjørå kai kl 17.30, og Mette Marie og Torbjørn var vertskap og skyssa oss over fjorden.

Det gjekk fort unna, og vi gjekk i land på Kvernhusneset. Derifrå fylgde vi stien langs fjorden til Osvika. Mette Marie fortalde ein heil del undervegs, og sjølv om det no var mykje skog overalt, så såg vi at der var plassar for slåttemark og samlingsplassar.

Veret var ikkje heilt som vi ynskte, og derfor tok vi matpausen som "ståande buffet" under eit naustutstikk i Osvika. Men det  smakte med kaffi og noko å bite i likevel.

Deretter gjekk vi opp til husa og også ein runde opp på Litlehjellen. Torbjørn var fødd i Osvika og budde der til han var eitt år. Garden vart fråflytta i 1952, men han og familien var der mykje etterpå og han har mange gode minner derifrå og hadde mykje å fortelje . Svært interessant.

Vi hadde ein svært hyggjeleg tur, synd at ikkje fleire vart med.

Tusen takk til Mette Marie og Torbjørn for skyss og godt selskap!