Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Klare for Muldalstur.  Jorunn, Gerd, Dagrun og Solveig. Kari Viken var fotograf!

Klare for Muldalstur. Jorunn, Gerd, Dagrun og Solveig. Kari Viken var fotograf!

Frå kjøkkenet.

Frå kjøkkenet.

Flott, gamalt skap som er i god stand.

Flott, gamalt skap som er i god stand.

Fine tømmerveggar på soveromma.

Fine tømmerveggar på soveromma.

Blondegardiner høyrer med.

Blondegardiner høyrer med.

Skikkeleg kakkelovn.

Skikkeleg kakkelovn.

Nydeleg servise!

Nydeleg servise!

Tur til Muldal

Tur til Muldal.

Det vart ein strålande dag for oss 5 som tok turen opp til Muldal.

VBK medlem Sissel Rogne inviterte  laget til eit besøk  til  den flotte garden som vi ser i himmelsjå frå vegen.  Det var ein fin tur med vakre haustfargar rundt oss på alle kantar. Når vi nærmar oss på toppen, så ser vi flagget og Sissel står  tunet og vinkar. Vi fekk først  omvising i løa og det er ikkje lite arbeid dei har lagt ned der. Gamle golv og veggar  var brukt oppatt, og ho var i det heile veldig oppteken av at det gamle skulle brukast. Inne i huset var all romma pussa opp og  det gamle inventaret sto veldig i stil med huset. I kjellaren var det ei lekker spa.avdeling, med badekar, badstu og dusj. Her  var det jordgolv som ho spadde ut først, o derfor vart det spa avdeling i rette forstand!

Det smakte godt med rabarbrapai og kaffi. Praten gjekk livleg og vi merka oss at ho var veldig engasjert i lokale saker og hadde stor lokalkunnskap. Desse dagane var det hjortejakt som står på programmet for  Sissel og mannen Ola. Men romslege og rause Sissel tok seg likevel tid til å invitere VBK . Heldige vi som fekk kome opp på ein sånn  fin dag.  Dette var ein fulltreffar! Tusen takk for oss.

Solveig med tekst og Kari Viken med foto.

Synd ikkje dagen passa for fleire til å besøke denne perla!