Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Vertinna Janet Roelofs fortel om bedrifta.

Vertinna Janet Roelofs fortel om bedrifta.

Klar for ein spennande rett!

Klar for ein spennande rett!

Erteterte av grønn ertepurè, einerrøykt fisk med ramsløkolje og steikte tomatar.

Erteterte av grønn ertepurè, einerrøykt fisk med ramsløkolje og steikte tomatar.

Artig veggpynt.

Artig veggpynt.

Mange lokale, spennande varer, vanskeleg å velje.

Mange lokale, spennande varer, vanskeleg å velje.

Turen til Stolt Mat på Sjøholt

Turen til Stolt Mat på Sjøholt 27. mars.

Dette vart månadens bygdekvinnekveld. 11 damer frå VBK vart med på tur til denne spesielle staden

med eige særpreg. For den som ikkje hadde vore innom her tidlegare var det spennande å sjå alt som

bedrifta eigentleg har å by på.

Vi vart godt mottekne av vertinna Janet Roelofs som fortalde om korleis bedrifta hadde blitt til og

utvikla seg gjennom siste ti-året, også med god hjelp av ektemannen. Frå oppstarten med ein enkel

butikk til ein serveringsstad der alle råvarer er henta frå lokale leverandørar og menyane blir sett

saman etter eige hovud. Imponerande!

Menyen ho hadde sett saman til oss var ei sjølvkomponert tre-lags erteterte av grønn ertepurè,

m.tilbehør, einerrøykt fisk med ramsløkolje og steikte tomatar tilsett krydder. Terta vart servert med

salat og norskprodusert knekkebrød. Eit utval lokal drikke var også sett på bordet. Mange nye smakar

som gjorde det til ei spesiell oppleving! Påfølgjande kaffi/te og kaker av eit breitt utval avslutta

måltidet.

Etter alt det gode vi hadde fått i oss var vi klare for å ta ein kikk på det breie vareutvalet

som ho kunne friste med i butikken, og det var vanskeleg å velje kva ein skulle prøve ut.

Takk for turen!

Magnhild 

ref. og foto