Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Spreke jubileumsdamer!

Spreke jubileumsdamer!

Kveldens toastmaster i særklasse,- Eva Hilde Lingaas.

Kveldens toastmaster i særklasse,- Eva Hilde Lingaas.

Musikarar i særklasse,- Petter Lingaas og Kari Anne Vikene.

Musikarar i særklasse,- Petter Lingaas og Kari Anne Vikene.

Svein Ove med mannfolka sitt syn på Bondekvinnelaget i 1932.

Svein Ove med mannfolka sitt syn på Bondekvinnelaget i 1932.

Klar for 3-retters middag på Valldal Fjordhotell.

Klar for 3-retters middag på Valldal Fjordhotell.

Ein flott gjeng.

Ein flott gjeng.

Ventar spent på maten.

Ventar spent på maten.

Klar for karamellpuddingen!

Klar for karamellpuddingen!

Forrett: Kortreist ørret på potevaffel. Nam, nam!

Forrett: Kortreist ørret på potevaffel. Nam, nam!

Langtidssteikt kalvesteik med mykje godt attåt.

Langtidssteikt kalvesteik med mykje godt attåt.

To som kom med gratulasjonar,- Liv Borghild Hildre og Cesilie Aurbakken.

To som kom med gratulasjonar,- Liv Borghild Hildre og Cesilie Aurbakken.

Ordførar Eva Hove kom med blomster og fine ord.

Ordførar Eva Hove kom med blomster og fine ord.

Ragnhild Giskemo frå Ørskog Bygdekvinnelag gratulerte også.

Ragnhild Giskemo frå Ørskog Bygdekvinnelag gratulerte også.

Overrekking av kjevle og blomster til Solveig og Steinar.

Overrekking av kjevle og blomster til Solveig og Steinar.

Kjevle til Solveig for 50 år i laget.

Kjevle til Solveig for 50 år i laget.

Koselege samtalar på stova.

Koselege samtalar på stova.

Åresal og prat.

Åresal og prat.

Blomster og fine ord til Petra, Sunneva og Jorunn.

Blomster og fine ord til Petra, Sunneva og Jorunn.

Verdig og vellukka 90-årsfest i Valldal.

 

Torsdag 12.05.2023 var det klart for staseleg  jubileumsfest på Valldal Fjordhotell. Valldal Bygdekvinnelag feira at det var 90 år sidan laget vart starta. Laget heitte då Valldal Bondekvinnelag, og startdatoen var 10. mars 1932.
Finstasen var på plass, og medlemar, medbedne og innbedde, omlag 40 i alt, hadde benka seg kl 18.
Festen starta med flott musikk av Petter Lingaas, han spela trompet og keyboard samtidig!
Vi var heldige og hadde fått Eva Hilde Lingaas som toastmaster, og ho knytte alt fargerikt og humoristisk saman!
Leiaren vår, Solveig Linge Stakkestad, ynskte velkommen og gav ordet til  Randi Flø som skulle fortelje litt om då laget vart stifta. Marta Linge vart første leiaren, og medlemstallet var ca 35 første året. Men det var ikkje enkelt å kome seg på møte den tida, - bil og buss fanst ikkje, så det vart å gå eller sykle viss ikkje mannen tok fram hesteskyssen. Men mannfolka var ikkje heilt glade for organisering og møter, og Svein Ove Rem kom inn som eit tidsvitne og skildra på skikkeleg dialekt problema rundt om på gardene når kvinnene tok seg fri. Snart ville dei vel ha eigen pung også! - Mange gode poeng i denne sketsjen!
Før maten vart det også tid til allsong, og Samlesong av Marta  Shumann vart som ny med musikken til Petter!
Så var det klart for maten. Hotellet har godt matrykte, og vi vart ikkje skuffa. Ørret på potetvaffel, langsteikt kalvesteik, alt med mykje spennande tilbehør, og karamellpudding til dessert. Betre kunne det ikkje bli, nydeleg både for auge og munn.
I løpet av måltidet fekk vi helsingar frå generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag, Cesilie Aurbakken, leiar i Distriktslaget  for M&R, Liv Borghild Hildre, ordførar Eva Hove og frå leiar i Ørskog bygdekvinnelag, Ragnhild Giskemo. Dessutan bar Arne Sandnes fram helsing frå mor si, Lilly Sandnes på 105 år og æresmedlem i Vbk.
Nelly Ytterli ba også Solveig og Steinar Stakkestad om å kome fram for ei overrasking. Solveig har vore medlem i 50 år, mange år i styret både lokalt, i fylket og på landsnivå. Ho fekk eit kjevle med inngravering, og Steinar fekk blomster for å styre skuta medan ho var på møte!!
På programmet stod også fleire allsongar, og også fine framføringar av Kari Anne Vikene og Petter Lingaas.
Magne Krogh takka for maten og for invitasjonen, og sa også fine ord om laget i lokalsamfunnet.
Etter maten fekk vi flytte oss inn i stova og betre sitjeplassar. Men først vart medlemane fotograferte ute framfor hotellet med sjø og fjell som bakgrunn. Veldig fine vart vi!
Åresal måtte vi sjølvsagt ha med, så årane gjekk unna og fine gjevinstar hadde blitt sponsa med blømster av Linge Gartneri og eplemost frå Lingebakken.
 Det vart også gjort stas på 3 medlemar som har lang tid i laget. Det var Petra Jemtegård (55 år), Jorunn Hoel (55 år) og Sunneva Linge (50 år). Solveig overrekte flotte blomsteramplar og hadde skrive kort med spesielle rimhelsingar til alle tre! - Imponerande!
Kvelden gjekk mot slutten, og takk og blomster vart det også til toastmaster Eva Hilde og historieforteljarane Randi og Svein Ove.
Det såg ut som folk gjekk mette og fornøgde heim, og ei Ragnhild Giskemo stor takk til styret som har planlagt det heile!

OBS! - Fyldigare referat frå festen finn du på linken nederst på sida. Av Sunneva

 

refjubileumsfest_-22.pdf